For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal eller Førde

Studielengd: Deltidsstudium over tre år

Studiepoeng: 120

Nivå/grad: Master

Opptakskrav: Sjå innhaldsdelen

Studiekode: 216 1333

Ofte stilte spørsmål

 

Kontakt oss

Fagleg kontakt: Anne-Grethe Naustdal

Administrativ kontakt: Bente Kjørstad Walaker

portrettbilde av to kvinnelege studentar
- Eg er imponert over nivået på forelesarane. Samhandlingsreforma er sentral i studiet, og den er viktig i arbeidet mitt som sjukepleiar på korttidsavdelinga ved eit omsorgssenter. - Eg jobbar på eit rehabiliteringssenter, og får mykje igjen for dialog, refleksjon og samtaler med andre studentar på studiet. Det er positivt at det tverrfaglege er sterkt vektlagt.
Anne-Margrethe Hjertenes og Linda Viken

Samhandling innan helse- og sosialtenester(2014)

Master

Er du oppteken av å vidareutvikle eigen profesjonalitet i møte med pasientar og brukarar? Vil du vere med og møte dei nasjonale utfordringane som er framtredande i utgreiingar om helse og velferd? Dette nye masterstudiet har ein klinisk profil der samhandling innan helse- og sosialtenester er hovudfokus.

Studieinnhald

Studiet har opptak annakvart år. Neste opptak er våren 2014, med studiestart på hausten.

Studiet er retta mot deg som ønskjer å vidareutvikle kompetansen din frå helse- og sosialfagleg eller idrettsfagleg grunnutdanning.

Gjennom eit utviklings- og livsløpsperspektiv fokuserer vi på møtet med brukarar i ulike aldrar og med ulike typar vanskar eller lidingar.

Studiet er sett saman av følgjande emne:

  • brukaren i hjelpeapparatet
  • rolla som profesjonell hjelpar
  • hjelpeapparatet i velferdssamfunnet
  • vitskapsteori
  • forskingsmetode
  • prosjektførebuing
  • masteroppgåve
  • valfrie emne

Studiet er eit samarbeid mellom HiSF sine fagmiljø innan idrettsfag, helsefag og sosialfag.

Det er mogleg å søkje innpass for andre emne på masternivå; maksimalt 30 studiepoeng.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2012-13. Revidert studieplan blir publisert våren 2014.

Undervisningsmåtar

Forelesingar, case og fleirfaglege refleksjonsgrupper. Vi vil også arbeide med skriveprosessar, analytiske ferdigheiter og munnleg og skriftleg argumentasjon.

I kvart semester er det lagt opp til tre samlingar på fire-fem dagar, og studierelatert eigenaktivitet mellom samlingane.

Opptakskrav

Avslutta grunnutdanning - minimum tre år - innanfor eitt av profesjonsområda som studiet dekkjer, eller anna treårig utdanning med minst 80 studiepoeng innan helse- og sosialfag. Døme på slike utdanningar er sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar og treårig idrettsutdanning. Karakterkrava er under revisjon.

Jobbmoglegheiter

Studiet kan mellom anna kvalifisere til stillingar knytta til

  • rådgjeving, tilrettelegging og koordinering av tenester til utsette brukargrupper i kommunar og helseføretak
  • prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid, kvalitetssikringsarbeid/forbetringsarbeid og liknande
  • klinisk samhandling med brukarar med samansette og langvarige behov innan helse- og sosialsektoren
  • arbeid med barn og unge og deira familiar


Sist endra: 04. mars 2013

Del