For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Årsstudium

Opptakskrav: Sjå innhaldsdelen.

Studiekode: 216 1400

Søknadsfrist: 15.04.2013

Krav om politiattest

Ofte stilte spørsmål

 

Kontakt oss

Fagleg kontakt: Dorthea Sekkingstad

Administrativ kontakt: Solfrid Kjoberg

Tre studentar foran tavle
- For oss var PPU ei naturleg forlenging av bachelorgraden. Det vi lærer er veldig relevant, og gjer oss godt førebudde og skikka til å gå inn i læraryrket. Vi får svært mykje ut av studiet med tanke på at det berre er eit årsstudium. Vi samarbeider mykje med både medstudentar og lærarane. Vi har ulike eksamensformer, noko som er kjekt og lærerikt. Det at vi har mykje praksis er også veldig bra.
Daria Dyste, Sondre Setrom og Elise Gjestvang

Praktisk-pedagogisk utdanning - PPU

Årsstudium

Har du universitets- eller høgskuleutdanning og vil bli lærar? Eller har du yrkesfagleg bakgrunn? Med praktisk-pedagogisk utdanning kan du undervise i 8. klasse og oppover - alt etter kva fag du har.

Studieinnhald

I studiet vidareutviklar du fagkompetansen din. Du lærer å undervise i dine fag og utviklar sosial og yrkesetisk kompetanse som førbur deg til læraryrket.

Vi har tilbod om PPU deltid annakvart år. Neste oppstart er hausten 2014.

Du lærer mellom anna

  • å planleggje og evaluere undervisning og læring
  • om etikk og yrkesidentitet
  • å leggje til rette for tilpassa opplæring
  • å samarbeide med elevar/lærlingar, kollegaer, foreldre og andre for å planleggje, gjennomføre og vurdere opplæringa

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2012-13. Studieplan for 2013-14 blir lagt ut i løpet av våren.

Undervisningsmåtar

Forelesingar, arbeid og diskusjonar i grupper og seminar, prosjektarbeid og ulike praktiske aktivitetar.

Du har 12 veker praksis.

Opptakskrav

Begge opptakskrava må vere oppfylt:

  1. Fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang som kvalifiserer for undervisning i allmennfag i grunnskule eller vidaregåande opplæring
  2. Minimum 60 studiepoeng (sp) i to fag eller minimum 60 sp i det faget du tek 30 sp fagdidaktikk i, med innhald som har relevans for undervisning i skulen

Fagtilbod 2013-14:

Fagdidaktikk i samfunnsfag, framandspråk, norsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Det er ein føresetnad for opptak at søkjarane har fag som høgskulen kan tilby fagdidaktikk og praksisplassar i, og at det blir nok søkjarar innanfor dei enkelte fagdidaktikkområda.

Jobbmoglegheiter

Utdanninga gir undervisningskompetanse på ungdomssteget i grunnskulen, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse du har i botn.

Vidare studium

Fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan kvalifisere til opptak på visse vidareutdanningar for lærarar.


Sist endra: 23. april 2013

Del