Den bustadpolitiske vinden bles, med friskt ordskifte om byggjekrav, bustadmarknader og bumiljø, i bymiljø. Vi vender blikket og spør: Kva utfordringar og løysingar ser vi for bygda? Korleis planlegg og utviklar distriktskommunar økologisk, sosialt og økonomisk berekraftige bumiljø?
På seminaret Mellom bakkar og berg, i øykommunen Solund, møter du menneske og miljø med idear og erfaringar rundt korleis bygder skaper berekraftige bustader og bumiljø, bygd på lokale kvalitetar og landskapsøkologiske prinsipp. Hit kjem også kommunal- og regionalministar, Liv Signe Navarsete.
Seminaret er eit samarbeid mellom Husbanken Region vest, Solund kommune, Distriktssenteret og Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Mål for seminaret
Føremålet er å etablere ein arena for dialog om berekraftig og miljøtilpassa bustad- og stadutvikling i bygdemiljø. Seminaret skal auke kunnskapen om temaet og verkemidla vi kan nytte for å kome frå teori til handling, styrke nettverket mellom dei som har ansvar for bustad- og stadutvikling, og legge grunnlag for betre samhandling og vidare satsing.
Gjennom innspel frå fagmiljø, erfaringar frå lokale prosjekt og aktiv dialog skal seminaret stimulere til heilskapleg berekraftig planlegging og utvikling, sett i ein lokal og regional samanheng.
Målgruppe
Kommunale og regionale planleggjarar, politikarar, prosjektleiarar og andre som jobbar med bustadplanlegging og etablering i distrikta.
Påmelding enkeltvis
For å få til ein god logistikk må alle som skal delta på seminaret skrive seg inn i påmeldingsmodulen enkeltvis, sjølv om du skal dele rom med andre. I tillegg må du betala deltakaravgift på nettet: Betaling for deltakaravgift
Deltakarpris: kr 1000,- per person inkludert alle måltid, båttur og transport til/frå overnattingsstad. Overnatting er ikkje inkludert i deltakaravgifta.
Påmeldingsfrist er 17. august.
Transport
Av omsyn til bestilling av båt/busstransport og overnatting, ber vi også om tilbakemelding dersom du ikkje deltek på alle delar av seminaret (bruk helst kommentarfeltet i påmeldingsmodulen).
Måltider
Har du ønske om tilpassa kost, noter dette i kommentarfeltet.
Bygg
Hardbakke i Solund
Rom
Hardbakke i Solund
Kontaktperson
Lisbeth Dahle, lisbeth.dahle@hisf.no og Trude Risnes, trude.risnes@kdu.no
Sist endra: 31. juli 2012 09:28:20