For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Utvikling av profesjonell kompetanse hjå NAV rådgjevarar

Målet med prosjektet har vore å få kunnskap om korleis Nav-rådgjevarar gjennom rettleiing på nærvær og utfordrande tema i yrkesutøvinga, kan utvikla ein profesjonell kompetanse.

Om prosjektet

Rådgjevaren sine kunnskapar og relasjonelle evner vert framheva som viktige eigenskapar for at tenestene skal opplevast som gode. Samstundes har mange rådgjevarar liten tilgang til fagleg refleksjon og opplever over tid ei kroppsleg og følelsesmessig utmatting. I prosjektet undersøkjer vi prosessar som kan utvikla kompetanse og korleis desse kjem til uttrykk i yrkesutøvinga.

Forskingsarbeidet har vore etablert som ei rettleiingsgruppe for NAV-rådgjevarar, der det har vore nytta to tilnærmingar:

  • Rådgjevarane har arbeidd med og reflektert over eige nærvær, gjennom øvingar der dei har arbeidd med balanse, frigjering av pust og variasjon av bevegelse. Øvingane har vore leia av psykomotorisk fysioterapeut.
  • Rådgjevarane har gjennomført kollegarettleiing styrt av forskarane på tema rådgjevarane har teke opp.

Mål for prosjektet

  • Auke merksemda om eigne kroppslege reaksjonar og kjensler
  • Auke refleksjonen knytt til yrkesutøvinga
  • Laga samanhengar mellom erfaringane frå arbeidet med eige nærvær og refleksjon om eiga yrkesutøving

Status

Prosjektet vart gjennomført i perioden januar til juli 2011.

Publikasjonar

Kontakt

Prosjektleiar: