For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Vel gjennomført disputas

Frode Olav Haara under disputasen ved Universitetet i Bergen 23. juni. Foto: Privat
Frode Olav Haara under disputasen ved Universitetet i Bergen 23. juni. Foto: Privat

Frode Olav Haara leverte ein god disputas og ei engasjerande prøveførelesing.

Sjølve doktorgradsarbeidet omhandla bruk av praktiske aktivitetar i matematikkundervisinga. Prøveførelesinga gav han på emnet utdanning av matematikklærarar; teori, praksis og samhandling. Frode Olav Haara greidde seg strålande og turnerte spørsmåla rutinert.

I avhandlinga presenterte, og nytta Haara seg av ein modell om samanheng mellom fagleg kunnskap, praktiske aktivitetar og didaktisk forståing som kan oppfattast som noko kontroversiell. Då han på fleire tidspunkt i løpet av stipendiatperioden vart tilrådd å ikkje nytte seg av denne modellen, var det knytt spaning til korleis denne ville bli behandla under disputasen.

- Frode Olav forsvarte seg godt, og det verka som om båe opponentane hadde sans for modellen, fortel dekan Rasmus Stokke, som sjølv var tilhøyrar under disputasen. Han trur det kan ligge mykje spanande forsking i ei vidareføring av materialet som Haara presenterte.

Her kan du lese meir om sjølve avhandlinga.


Sist endra: 02. september 2011 08:12:59