Høgskulen i Sogn og Fjordane deltek i eit stort forskingsprosjektprosjekt om korleis vi på best mogleg måte får naturen tilbake i opphavleg stand etter naturinngrep.
I 2009 kom ny biomangfaldslov i Noreg. Den forbyr innføring av artar som ikkje allereie eksisterer i Noreg, og legg også stor vekt på at det ved restaurering skal gjerast med stadspesifikke artar.
- Vi treng mellom anna meir kunnskap om kva typar frø som kan brukast på ulike stader i landet, og kor langt vekke vi kan hente dei for at tilveksten skal bli lik den opphavlege, seier professor Knut Rydgren som deltek i prosjektet. – Med den nye lova er det andre krav for bruk av biologisk materiale i naturen, og vår målsetting er å finne ut av korleis vi kan så til på ein slik måte at det blir minst mogleg genetisk forureining. I andre tilfelle vil det vere meir fordelaktig å la vere å så, og heller la naturen reparere seg sjølv. Vi veit for lite om dette, seier Rydgren.
Steintippar
For å finne ut av dette skal dei mellom anna undersøkje fem steintippar i Sogn og Fjordane og Buskerud. Som følgje av utvikling innan fornybar energi blir det gjort store inngrep i naturen. Eit av dei er deponi av overskotsmasse eller stein, kalla steintippar.
– Ved å forske på steintippane, så kan vi sjå på utvikling over ein lang periode. Vi ser på steintippar som er alt frå 60 til 25 år gamle. Forsking på desse kan forhåpentlegvis hjelpe oss med å finne svar på om det alltid er ein fordel å så til, eller om det nokre gonger er best å la naturen gå sin gang utan hjelp. Og kan det vere slik at det nokre gonger verkar mot si hensikt å så til, spør Rydgren.
Gjennom prosjektet har ein også sett opp eit eige testfelt på Dovre, der dei testar ut betydinga av fire ulike jordtypar for frøspiring og etablering.
Prosjektet, som har namnet Econada, skal også samle genetisk kunnskap om ti artar. – Håpet er at vi kan dele landet inn i ulike soner og seie noko om kvar dei ulike artane er stadspesifikke. Eg trur likevel det er langt fram dit, men dette blir i alle fall ein start.
Forskingsrådet finansierer halvparten av prosjektet som er leia av Bioforsk, medan Direktoratet for Naturforvalting, Noregs Vassdrags- og Energidirektorat, Statkraft, Forsvarsbygg, Statens Vegvesen, Jernbaneverket og E-CO Energi finansierer resten. Prosjektet er innvilga 10 millionar kroner over fire år. I tillegg til Høgskulen i Sogn og Fjordane er også Bioforsk, Universitetet for Miljø- og Biovitenskap, Norsk Institutt for Naturforsking og universitet i Frankrike, Austerrike og Island med i prosjektet.
Sist endra: 26. oktober 2011 10:48:20