For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Sogn og Fjordane i særstilling

Gåturar i helgane er noko folk frå Sogn og Fjordane set pris på, og som gjer at dei er i betre form enn landsgjennomsnittet, syner studie frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Gåturar i helgane er noko folk frå Sogn og Fjordane set pris på, og som gjer at dei er i betre form enn landsgjennomsnittet, syner studie frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

No har forskarar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane dokumentert svart på kvitt at folk i fylket er i betre form enn gjennomsnittet av det norske folk.

Doktorgradsstipendiat Ane Kristiansen Solbraa, ved institutt for idrett, har saman med Asgeir Mamen, Geir Kåre Resaland, Jostein Steene-Johannessen, Einar Ylvisåker, Ingar M. Holme og Sigmund A. Anderssen, publisert ein artikkel i det fagfellevurderte tidsskriftet Norsk Epidemiologi.

Forskingsfunna syner at om lag 30% av dei undersøkte 40-42 åringane og 53-55 åringane tilfredsstiller anbefalingane for fysisk aktivitet. Dette er eit høgre aktivitetsnivå samanlikna med den gjennomsnittlege norske befolkninga i same aldersgruppe, der omlag 20% tilfredsstiller anbefalingane. Anbefalingane er minimum 30 minutt dagleg moderat aktivitet. Studien registrerte fysisk aktivitetsnivå objektivt med ein aktivitetsmålar.

Ikkje noko kvilepute

Funna frå Sogn og Fjordane er av interesse sidan fylket gjennom åra har skåra høgt på fleire ulike helse- og trivselsundersøkingar. Fysisk aktivitetsnivå og fysisk form er no for første gang målt med objektive målemetodar hos denne aldersgruppa og resultata støtter oppunder fylket si særstilling i tidlegare undersøkingar. Samstundes er 30% tilfredsstilling av anbefalingane for fysisk aktivitet for lågt sett i eit folkehelseperspektiv. Funna må derfor ikkje bli brukt som ei sovepute for vidare tiltak for å fremme folkehelse, heller som ein inspirasjon til å fortsette og betre arbeidet som er i gong.

Få kjønnsskilnadar

Forskarane fann ingen kjønnsforskjellar i totalt aktivitetsnivå, mens ein innan dei ulike aktivitets intensitetane finn nokre forskjellar. Deltakarane i studien er mest aktive i helgane og oppgjer gåturar som den vanlegaste aktiviteten. Dette samsvarar med nasjonale funn for same aldersgruppe. Også den fysiske forma, målt direkte gjennom maksimalt oksygenopptak var høgre hos utvalet i Sogn og Fjordane samanlikna med det nasjonale utvalet i same aldersgruppe. Ein fann her kjønns- og aldersskilnader som forventa; menn hadde betre fysisk form enn kvinner og 40-42 åringane hadde betre fysisk form enn 53-55 åringane.

Studien, Level of physical activity, cardiorespiratory fitness and cardiovascular disease risk factors in a rural adult population in Sogn og Fjordane, er ein del av den nasjonale Kan1-studien som var initiert av Helsedirektoratet. Institutt for idrett ved HISF var ein av ti institusjonar i denne multisenterstudien, leia av Norges idrettshøgskole. Data frå den nylege publiserte studien kjem frå eit tilleggsutval frå Sogn og Fjordane som vart gjennomført med økonomisk stønad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Vest, Visjon Vest.


Sist endra: 26. august 2011 09:10:27