For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Godt nøgd med Forskingsdagane 2010

Føredragshaldar Camilla Movik Laukeland fortalde om kva som skjer med smakssansane til fedmeopererte.
Føredragshaldar Camilla Movik Laukeland fortalde om kva som skjer med smakssansane til fedmeopererte.

Forskingsdagane synte mangfaldet av forsking ved høgskulen.

- Det har vore ei rekkje gode arrangement som gjev ein smakebit av kva forskarar ved høgskulen held på med, seier fou-direktør Georg Arnestad, når han oppsummerar Forskingsdagane 2010.

Årets siste arrangement var ”Regional Forskingsbuffè”. 20 føredragshaldarar frå høgskulen og Helse Førde fortalde om resultat frå forskinga si, bruk av metodiske verkty og prosjekt som er i startgropa. – Det er særs lærerikt å høyre på desse fagpersonane. Deling av kunnskap på tvers av fagfelt gjer at ein kan få andre perspektiv på eiga forsking, idear til nye prosjekt eller kanskje ein oppdagar at nokon frå eit heilt anna fag kan vere ein god samarbeidspartnar, seier leiar ved senter for Helseforsking, Marit Solheim. Fagtilsette frå alle avdelingane ved høgskulen bidrog med føredrag og ny innsikt.

Aktiv deltaking

I Sogndal var det spesielt dei historie og idrettsinteresserte som fekk tilfredsstilt nysgjerrigheita si under Forskingsdagane. – Vi er godt nøgde med arrangementet, seier Vegard F. Moe, arrangementsansvarleg for ALI.

- Oppmøtet var bra og fleire deltok aktivt i testing av eigen fysisk form, seier han og legg til at det freistar med gjentaking av opplegget.

- Dei historieinteresserte fekk høyre gode innlegg, seier arrangementsansvarleg ved ASF, Oddmund L. Hoel, men legg til at det gjerne skulle vore fleire tilhøyrar tilstades.

Positive ringverknadar

- Eg er spesielt glad for at vi fekk i gang kronikksamarbeidet med Sogn Avis og Firda under årets Forskingsdagar, seier fou-direktør Georg Arnestad. Åtte kronikkar stod på trykk i løpet av den toveker lange forskarfestivalen. – Det hadde vore kjekt om fleire deltok i debattane i etterkant. Sjukehus, nynorsk skriftspråk, barnevern og skule er emne som burde engasjere mange, seier Arnestad.

Han håpar at det positive samarbeidet med lokalavisene kan fortsetje og oppmodar alle tilsette ved høgskulen til å delta aktivt i samfunnsdebatten. – Kronikkane er ein god måte for høgskulen å syne kva kompetanse vi har, avsluttar Arnestad.


Sist endra: 07. oktober 2010 11:24:02