For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Stilte ut poster på internasjonal konferanse

Stipendiat Marianne Gjertsen
Stipendiat Marianne Gjertsen

Å få merksemd rundt si forsking ved å lage ein "poster" er blitt ei trend ved avdeling for helsefag. Marianne Gjertsen sin poster var ein av 400 posters som vart presentert ved ein internasjonal konferanse i Trondheim.

Senter for helseforsking starta å kurse tilsette ved AHF i å lage poster for om lag fire år sidan. Etter det er det blitt vanlig å stille ut posters på forskingsdagane og det vert også gitt pris for beste poster kvart år. Studentane på sjukepleieutdaninga og ingeniørutdanninga lagar no òg posters til ulike prosjekt.

Ein poster skal presentere ein studie på ein ryddig og oversiktlig måte med godt samsvar mellom tekst og bilete. Ein god poster skal formidle kva ein studie handlar om og skal vere lett forståelig, òg for dei som ikkje er fagfolk.

Marianne Gjertsen sin poster: Background, Methods, Theoretical perspectices and Experiences of Family Interviewing vart presentert på The 7th World Research Congess of the European Association for Palliative Care 6.-9. juni i Trondheim. Posteren er laga saman med Ellen Karine Grov og Grethe Eilertsen frå Høgskolen i Buskerud og Marit Kirkevold frå Universitetet i Oslo.

Marianne Gjertsen har også tidlegare utmerka seg då ho vann prisen for beste poster på forskingsdagane 2010. Her kan du lese meir om Gjertsen si forsking.


Sist endra: 15. juni 2012 09:35:01