For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Institutt for lærarutdanning

Hovudaktiviteten ved institutt for lærarutdanning er knytt til lærarutdanning retta mot grunnskulen og vidaregåande skule pluss vidareutdanningar skreddarsydd for skuleverket.

Instituttet samarbeider med institutt for idrett om kroppsøvingsfaget og med institutt for samfunnsvitskap om samfunnskunnskap.

Instituttleiar: Kjell Bergfjord
Telefon 57 67 60 17

Besøksadresse: Fosshaugane Campus, Høgskulebygget

Utdanning

Instituttet tilbyr:

  • grunnskulelærarutdanning fireårig, heiltid
  • grunnskulelærarutdanning fireårig, samlingsbasert deltidsstudium over fem år
  • PPU - praktiskpedagogisk utdanning eittårig, også som deltidsstudium over to år
  • årsstudium i engelsk
  • vidareutdanningar retta inn mot grunnskulen og vidaregåande skule
  • masterstudium i læring og undervisning
  • masterstudium i spesialpedagogikk

Fullført lærarutdanning er grunnlag for master i organisasjon og leiing - skuleleiing ved institutt for samfunnsvitskap

Her finn du utfyllande informasjon om studia.

Fou

Ved instituttet føregår det mykje utviklingsarbeid og forsking med direkte tilknyting til skule, læring og undervisning:

Tilsette

Dei tilsette ved Avdeling for lærarutdanning og idrett

Oversikt instituttleiar, programansvarlege, teamleiarar, emneansvarlege



Sist endra: 06. august 2012 14:39:41