150 barnehagefolk i frå heile fylket deltok på den årlege barnehagekonferansen som gjekk av stabelen i Loen 20. og 21.oktober 2009.
HSF samarbeider med Fylkesmannen, Utdanningsforbundet og Skuleutvalet i Sogn og Fjordane om denne årlege konferansen.
Konferansen gjev deltakarane ny kunnskap på sentrale barnehageområder, og konferansen er viktig som fagleg møteplass for barnehagepersonalet. Tema for årets konferanse var "Kvalitet i barnehagen" og tilbakemeldingane på årets konferanse var særs gode.
Tema for fellesførelesingar og fagøkter og glimt frå konferansen ligg nedunder. Det vert lagt ut presentasjonar frå nokre av førelesarane på Avdeling for lærarutdanning og idrett si side for Barnehagekonferansen etterkvart.
|
Opningsdagen gav Kjetil Steinsholt, professor ved NTNU eit kritisk blikk på Stortingsmelding nr. 41 med sitt foredrag "Kvalitet eller kvantitet i barnehagen". Førsteamanuensis Svein Ole Sataøen, som deltok på konferansen, har skrive ein artikkel om Steinsholt sitt foredrag. Artikkelen vert publisert i "Barnehagen-tidskrift for barnehagefolk" av Sebu forlag |
|
I dei parallelle fagøktene kunne deltakarane velje mellom fem ulike sesjonar:
v/ Leif Harald Rebni, HSF og Margrete Huus Fjellestad, Mona barnehage
v/Hilde Hofslundsengen, HSF og Tone Listau, Kyrkjevegen barnehage Sunne store, startar med sunne Små FOU-prosjekt ved Hornindal barnehage
FOU-prosjekt i barnehageregion HAFS
FOU-prosjekt ved Vieåsen barnehage i Førde |
|
|
Ann Iren Ulvedal fortalde om Comenius-prosjektet som Hornindal barnehage deltek i. Ho oppfordra sterkt til at fleire barnehagar engasjerar seg. Les meir om Comenius i Hornindal og Comenius- prosjekte overordna Ivar Offerdal og Eivind Rogne presenterte også Entreprenørskap i barnehage med ønskje om å rekruttere fleire barnehagar til å jobbe med entreprenørskap. |
|
Høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Dag Skram forelas om "Leik og læring i samspel" med spesielt fokus på overgangen barnehage-skule |
|
|
Anne Finnsveen Midtbø og Elin Røyset viste korleis ein arbeider med overgangen barnehage - skule i Førde kommune |
Sist endra: 12. november 2009 13:35:23